Kjærleik og arkitektur

bookmark

Lansering av Nidaros av Stein Versto

tirsdag 12. november 2013, kl. 19:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Samlaget

Inngang: Gratis

Stein Verstos nye roman Nidaros er ei intens forteljing om kjærleik der Nidarosdomen og arkitekturen i den gotiske katedralen spelar ei stor rolle. Ei kvinne og to menn: ein skodespelar, ein munk og ein komponist kjempar med å gløyme og strevar for å hugse og blir innhenta av ting i fortida dei ikkje visste om. Versto er frå Vinje i Telemark. Han fekk Vesaas-prisen då han debuterte i 1990, og har dei seinare åra vore leiar i Litterært råd i Den norske Forfatterforening. Han er kjend som ein av tekstskrivarane til Odd Nordstoga, og Nordstoga vil spele på arrangementet. Versto vert intervjua av Ingrid Storholmen, redaktør i Samlaget.