Kjøkenbenkrealisme

bookmark

Snikkikk sakprosaspesial med Olaug Nilssen

tirsdag 3. juli 2012, kl. 19:00

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Ofrar du barna for eit umenneskeleg karrierejag? Eller er du så dum at du vel vekk karriere, pensjonspoeng og inntekt? Kjøkenbenkrealisme er full av ærlege og usminka historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Boka handlar òg om trebarnsmora Olaug Nilssen, om hennar veg frå mykje jobbing og reising til å innsjå at ho måtte vera meir heime.
 

Olaug Nilssen debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998. Sidan den gong har ho skrive bøker i ulike sjangrar. Særleg kjend er Nilssen for romanen Få meg på, for faen, som òg er filmatisert.