Kok en bokorm

bookmark

Wien i fire retter med Knut Olav Åmås og Knut Aastad Bråten

lørdag 26. november 2016, kl. 18:30

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Tafelspitz. Det er ikkje så mange som veit kva som er ingrediensane i denne austerrikske nasjonalretten. Men det veit Knut Olav Åmås og Knut Aastad Bråten. Dei har skrive boka Wien. 100 unike opplevelser der dei skildrar både dei gode hovudvegane og dei særeigne bakgatene i ein by dei har inngåande kjennskap til. Og kan utan å blunke nemne opp langtidskokt oksekjøt, saus med graslauk og eplepeparrot.

Fritt Ords direktør (Knut Olav) og redaktøren for tidsskriftet Syn og Segn (Knut) tek ansvar for menyen på Kafe Oslo denne kvelden når fokus blir sett på den austerrikske hovudstadens kulinariske arv. Me lovar å avslutte det heile med apfelstrudel. Før det blir det klassiske musikkhistorieperler, overraskande museumsforteljingar og herleg kulturell og etande wienersk rangel.

Bordbestilling på post@kafeoslo.no