Konsert for deg og meg

bookmark

Odd Nordstoga for heile familien

lørdag 1. mars 2014, kl. 13:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Odd Nordstoga kan syngje om hylande griser, men han kan andre ting òg. No har han laga songbok med gamle songskattar frå Vinje, Garborg og Sivle. Han har dessutan sett nye melodiar til ukjende tekstar og omsett utanlandske songar, i tillegg til at nokre av Nordstogas eigne slagerar er med. Til Litteraturhuset kjem han for å syngje og spele og fortelje kvifor akkurat desse folkevisene, steva og stubbane har fått plass i den nye songboka Song for deg og meg. Passar for heile familien, og det er lov å syngje med.