Kor skal me med havbruksnæringa?
Natur og Ungdoms Havkonferanse
I ei framtid der Noreg skal kutte kjøtforbruk og klimagassutslepp, blir norsk fisk og sjømat løfta opp som det berekraftige alternativet middagstallerkane våre treng, og norsk sjømatnæring som velferdsgarantisten i framtida. Medan næringa ynskjer å doble produksjonen innan 2030, står lakseoppdrettare landet over ovanfor miljøutfordringar som må løysast dersom næringa verkeleg skal bli berekraftig.
Seminaret skal setje fokus på ståa i norsk sjømatnæring, moglegheitene me står ovanfor og utfordringane som må løysast for at me kjem oss dit. Du kan gle deg til føredrag om moglegheitene i havbruk og om dei uløyste problema i næringa, panelsamtale om framtida til næringa med representantar frå regjering, opposisjon, forskarar og næring, og sjølvsagt ein smakfull middag frå havet.
Førebels stadfesta føredragshaldarar/ paneldeltakarar til seminaret er:
Odd Emil Ingebrigtsen, fiskeriminister
Therese Hugstmyr Woie, leiar i NU
Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV
Kristin Langeland, kommunikasjonsdirektør i Sjømat Norge
Øyvind Fylling-Jensen, Adm. direktør i Nofima