Kristeleg, folkeparti eller begge delar?

bookmark

Laurdagsforedrag ved Valgerd Svarstad Haugland

lørdag 4. desember 2010, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Valgerd Svarstad Haugland stod i blåsten gjennom ein omfattande moderniseringsprosess av Kristeleg Folkeparti. Under hennar leiing gjorde partiet sine beste val nokosinne, og leidde to regjeringar. På same tid gjennomførde ho ei av dei største velferdsordningane i nyare tid, kontantstøtta, som blei heftig diskutert, kritisert og elska. Sjølv kom ho ikkje skadefritt frå det heile. Kritikken mot henne som leiar og person var både krass og tidvis urettvis, meiner mange. I dag ligg KrF til tider under sperregrensa. Kva tenkjer Valgerd om tida som partileiar, og kva tenkjer ho om KrF i dag?

Denne sesongen inviterer Litteraturhuset ei rekkje politikarar som har sett markante spor etter seg i norsk historie til å halde laurdagsforedrag under overskrifta «Sjølvmelding». Kva har skjedd i norsk politikk sidan dei sat i regjering, og korleis ser dei på Noreg i dag?