Kritikarsalong

Kritikarsalong

bookmark

Søt melodi eller lyrikk for vår tid?

lørdag 4. november 2017, kl. 12:00 til kl. 13:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Norsk kritikerlag i samarbeid med Oslo Internasjonale Poesifestival

Inngang: Gratis

I 2016 gjekk Nobelprisen i litteratur til Bob Dylan, for å ha skapt nye poetiske uttrykk innanfor den store amerikanske songtradisjonen. I tillegg til å heidre Dylans livslange lyriske verk, var tildelinga ei anerkjenning av at songlyrikk er del av den største litteraturen. Men kvar står songlyrikken i den litterære samtalen i dag?

I Norge var visebølgja på 70-talet med å folkeleggjere den lyriske tradisjonen og sette lesarar og lyttarar i kontakt med poesien. I dag har songskrivarar igjen omfamna det norske språket og nådd ut til mange. Kva slags poetisk potensial ligg i dette gjennombrotet? Har den slagkraftige songlyrikken eit særleg politisk potensial?

I samarbeid med Oslo IPoesifestival inviterer Kritikarlaget til diskusjon om litteraturkritikk og songlyrikk.

Ordstyrar: Synne Øverland Knudsen. Panel: Håvard Rem, Sigrid Hvidsten og Pedro Carmona-Alvarez.

Arrangør: Norsk kritikerlag i samarbeid med Oslo Internasjonale Poesifestival

Salongen er støtta av Norsk kulturråd og Fritt Ord.