Kroppen

bookmark

O-fag for voksne med Trond-Viggo Torgersen

lørdag 27. oktober 2012, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kor finn ein ambolten i ein kropp? Kvifor har me ikkje meir enn fem fingrar, og er det sant at det eigentleg berre finst to augnefargar?

Trond-Viggo Torgersen er lækjaren som blei komikar. Han har pussa tennene til Flode, lært oss å tenke sjæl og spela skotte og vaktmeister med høg olbogeføring. Men for nokre er han nok framleis fyrst og fremst forfattaren av Kroppen. Boka blei publisert i 1983, det blei laga TV-serie, og i dag er boka å rekne som ein moderne klassikar.

Det er endå ein gong klart for «O-fag for vaksne», serien der Litteraturhuset freistar å oppdatere slumrande O-fagkunnskap. Så er det noko du lurer på om hud, skjelett eller hjartekammer? Og veit du ikkje kven som vert rekna som kroppens eigne vaktmeistrar? Då er det berre å spørje Trond-Viggo.