No skal du høyre her
Heildagskurs i programleiiarrolla
Vil du bli tryggare i rolla som programleiar, i podcast, reportasje eller på scena? Og vil du bli programleiaren som tryggjar intervjuobjekt og gjester? No kan du lære meir om denne viktige rolla av den erfarne programleiaren Håkon Haugsbø, kjend frå fleire NRK-program.
Lyd og bilde blir stadig viktigare i formidling og historieforteljing på ulike plattformer. Podkast-universet får nye stjerner kvar dag, og alle som har ein smarttelefon kan lage ein filmsnutt. Og rolla som programleiar er avgjerande for bodskapen og dei medverkande. På dette kurset lærer du å bli ein stødig og trygg programleiar, som får fram bodskapen på ein effektiv og truverdig måte.
På dette kurset lærer du om:
- Programleiarrolla
- Førebuing
- Manus og metodar
- Presentasjonsteknikkar
- Språk og kroppsspråk
Lærar/kurshaldar: Håkon Haugsbø er kjend som mangeårig programleiar i NRK Brennpunkt. I graveredaksjonen var han også sjølvgåande videojournalist, og filma og produserte fleire dokumentarar for NRK. Han har bak seg nesten 30 år innan journalistikk og kommunikasjon. Som kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp bygde han opp ei ny avdeling med vekt på visuell historieforteljing og gjennomslag i sosiale medium.
Hausten 2018 starta Haugsbø eige selskap, og har gjennom det deltatt i oppstarten av fleire podkastar. Han har mellom anna levert aktualitetsprogrammet «Desse Dagar» og sommarserien «To i campingstol» til NRK P2, og er brukt som programleiar i NRK Ukeslutt. Og han blir stadig beden om å leie debattar. Haugsbø er ein erfaren og engasjerande kurshaldar, som får gode tilbakemeldingar frå deltakarane.
Kurset blir arrangert av Norsk tidsskriftforening med støtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Fagpressen.