Ta debatten!
Heildagskurs i debattleiing
Korleis trekke fulle hus til ein frisk debatt med dei rette debattantane, den drivande konflikten og dei gode spørsmåla? No kan du lære å sette saka du brenn for på dagsorden av den erfarne journalisten og mangeårige programleiaren i NRK Brennpunkt, Håkon Haugsbø.
Den opne, gode debatten forfriskar samfunnslivet og held demokratiet sunt og levande. Stadig fleire magasin og tidsskrift arrangerer debattar på scener eller skjerm.
Dei som leier desse debattane har ei vesentleg rolle i ordskiftet, difor er det viktig at dei er trygge for oppdraget og meistrar oppgåva si godt. Difor vil vi tilby eit eksklusivt heildagskurs i debattleiing.
På dette kurset lærer du om:
Debattleiarrolla:
- Skilnaden på å styre ordet og å styre debatten
- Fokus og framdrift
- Kroppsspråk
Førebuing:
- Research og regi
- Dynamikk og dramaturgi
Gjennomføringa:
- Korleis få svar og ikkje svada
- Råd som reddar
- Improvisasjon
Lærar/kurshaldar: Håkon Haugsbø er kjend som mangeårig programleiar i NRK Brennpunkt. I graveredaksjonen var han også sjølvgåande videojournalist, og filma og produserte fleire dokumentarar for NRK. Han har bak seg nesten 30 år innan journalistikk og kommunikasjon. Som kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp bygde han opp ei ny avdeling med vekt på visuell historieforteljing og gjennomslag i sosiale medium.
Hausten 2018 starta Haugsbø eige selskap, og har gjennom det deltatt i oppstarten av fleire podkastar. Han har mellom anna levert aktualitetsprogrammet «Desse Dagar» og sommarserien «To i campingstol» til NRK P2, og er brukt som programleiar i NRK Ukeslutt. Og han blir stadig beden om å leie debattar. Haugsbø er ein erfaren og engasjerande kurshaldar, som får gode tilbakemeldingar frå deltakarane.
Kurset blir arrangert av Norsk tidsskriftforening med støtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Fagpressen.