Kva skal vi med NRK?

bookmark

Ope debattmøte

torsdag 5. mai 2011, kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Kringkastingsringen

Inngang: Gratis

Dei fleste er samde om at vi treng ein ikkje-kommersiell allmennkringkasting i Noreg, og at eit lisensfinansiert NRK er det som skal gje oss dette. Likevel er det liten offentleg debatt om kva allmennkringkasting skal vera: NRK marknadsfører seg med slagordet “Noe for alle. Alltid”, samstundes som dei legg seg nær opp til dei kommersielle kanalane for å tevla om sjåarar.

Bør det vera slik? Kvifor har vi ikkje debatt om kva NRK skal vera, og kva fører dette fråveret av debatt til? Kva krav bør ein lisensfinansiert allmennkringkastar møta?

Hovudinnleiar Håkon Larsen disputerte nyleg med PhD-avhandlinga Legitimering av allmennkringkasting i Norge og Sverige. Han snakkar om skilnaden på debatten om allmennkringkasting i Sverige og Noreg, og om skilnadene mellom SVT og NRK, og prøver å svara på kvifor det vert stilt høgare og meir prinsippielle krav til den svenske allmennkringkastaren.