Kva skjer i Bygde-Norge?

Kva skjer i Bygde-Norge?

bookmark

Boklansering

torsdag 20. april 2023, kl. 18:00 til kl. 20:15

Sal: Skram (2. et)

Arrangør: Dreyers forlag

Inngang: Gratis - ingen påmelding.

Bygder har skifta ham og distrikta har gjort opprør. I boka «Kva skjer i Bygde-Norge» tar Reidar Almås med sjumilssteg oss gjennom utviklinga i bygdesamfunnet. Han nøyer seg ikkje med å beskrive og forklare, men gir også råd om korleis bygdefolk kan skape si eiga framtid.. Det er viktig å forstå både fortida og notida for å forme framtida. Med ein fot i bygda og ein fot på universitetet, tufta på 45 år med bygdeforsking og praktisk bygdeliv, tar Almås oss med på ei reise gjennom eit landskap som er sterkt forandra. Dei overordna spørsmåla i boka er: Kva har skjedd med bygdene våre, kvifor har det skjedd og kva vil og bør skje framover?

 

Innledning ved Reidar Almås og kommentarer fra:

Bjørgulv Braanen, politisk redaktør Klassekampen
Anne Ekornholmen, politisk redaktør Nationen
Skjalg Fjellheim, politisk redaktør Nordlys
Kathrine Kleveland, Stortingsrepresentant, medlem i kommunalkomiteen.

Andreas Hompland vil lede arrangementet.