Kvartett

bookmark

Lansering av Paal-Helge Haugens nye bok

mandag 10. mars 2008, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Cappelen Damm

Inngang: Gratis

Det er ei storhending når Paal-Helge Haugen er tilbake med nye dikt. Kvartett 2008 inneheld fire bøker; Gs bok, Dantes oske, Passasje og Visum. Bøkene har innbyrdes slektskap og samanheng, men samstundes er dei sjølvstendige. Som titlane syner alluderer dei til nokre av den vestlege kulturens grunnskrifter, men skildrar like mykje det liv vi lever her og no.

I tillegg til lesningar frå Paal-Helge Haugen og Tua Forström (Finland), har Haugen invitert to av fjorårets debutantar, Kristin Berget og Tyra Teodora Tronstad. Konferansier er Thorvald Steen.