Leikvollforelesinga

bookmark

Om inspirasjon

lørdag 24. september 2011, kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk Forfattersentrum, Klassekampen og Samlaget

Inngang: Billett

Eit høgst subjektivt foredrag om inspirasjon, arbeidsmåtar, om kjærleiken til det vakre og brutale, om å leve for å skrive og skrive for å leve. Jan Roar Leikvoll debuterte med den sterkt kritikarroste Eit vintereventyr (Samlaget 2008) der nettopp det vakre og brutale er sidestilte. Med Fiolinane (2010) stadfesta han posisjonen sin som ei av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Leikvoll blei tildelt Sigmund Skard-stipendet hausten 2010.