Liv på lørdag
Om Emils jul
Vi gler oss til jul! Liv Gulbrandsen har pynta med glitter og anna julepynt. Ho lagar lysshow med blinkande lys i fleire fargar og innbyd til førjulsfest. Og så kjem skodespelar Håvard Bakke på vitjing. Han les frå soga Emils jul. Emil i Lønneberget byd inn til julelag for fattigfolket i Katthult medan foreldra hans er bortreiste. Blir dei arge, tru? Og kvifor er ikkje Kommandøra invitert?
Passar best for barn mellom fem og åtte år.