Liv på lørdag
Om å reise
Ein kan reise med fly og flåte, og nokre reiser heilt til verdas ende. Eller kanskje det ikkje går? Kvar er i tilfelle det? Det handlar om reising i Liv på lørdag denne gongen, og Liv og Wilhelm fortel om den raraste tingen dei har reist med, og den raraste staden dei har vore. Dessutan les dei om Unni og Gunni, som Anna R. Folkestad har laga bøker om. Dei har eit flygande teppe som kan køyre både opp og ned og til ein heilt ny stad. Eller er det ein stad dei har vore før eigentleg? Passar best for barn mellom to og fire år.