Liv på lørdag
Om snøenglar
Kan det stemme at det verste marerittet til ein snøengel er ein tur til Syden? Er snøenglar redde for store høgder eller store hundar? Og snøenglesong: Korleis kling den i øyro? Slike ting prøver Liv og Mads å finne ut i dag. Dei fortel om den gongen dei laga perfekte snøenglar i perfekt snø, og kva slags snø som ikkje duger. Dei les også historia om dei to syskena Stella og Sam, der også Sam har hundre snøspørsmål. Kor søv snømannen om natta, til dømes, og kan snøenglar eigentleg fly? Passar best for born frå fem til åtte år.
ILL.: Marie-Louise Gay