Liv på lørdag
Om å slåst
Ein kan få lyst til å slå litt innimellom. Om nokon ertar eller øydelegg noko ein har brukt lang tid på å lage, eller om ein rett og slett berre er skikkeleg sur. Er det greit å slå litt sjølv om dei vaksne seier nei? Kva med å leikeslåst? Og kvifor kan ein slå og sparke så mykje ein vil når ein driv med karate? Liv og Mads får av og til lyst til å slåst. Kva gjer dei då? Dei les også Gunilla Bergströms bok om kva som skjer når nokre born absolutt vil slåst med Albert Åberg, sjølv om Albert er ein gut som avskyr bråk. Passar best for born frå fem til åtte.