Liv på lørdag

bookmark

Om å vere einsam

lørdag 13. april 2013, kl. 13:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Kva er eigentleg skilnaden mellom å vere åleine og å vere einsam? Det kan jo vere fint å leike utan andre og bestemme alt sjølv. Og treng alle eigentleg vener? Liv synest det er fint når ikkje Mads er der av og til, for då kan ho gjere kva ho vil på scena utan at nokon seier nei. Men blir det ikkje litt keisamt òg? Det er jo litt meir å finne på når ein er to? Liv og Mads les også historia om den vesle mannen som er trist og åleine i ei trapp, men som ein dag får seg ein hundeven. Passar for barn frå fem til åtte år.