Liv på lørdag

bookmark

Om kroppen

lørdag 26. oktober 2013, kl. 12:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Kanskje du kan eit hemmeleg kroppstriks? Vifte med naseborene eller sjå deg sjølv i øyret? Heidi Marie og Mads kan gjere mykje rart med kroppane sine. I dag prøver dei ut gamle kunstar som å leike trillebår, og kanskje ein av dei tør å gå ned i bru? Fra topp til tå heiter ei bok som Eric Carle har skrive, og no les Heidi Marie og Mads den høgt. Om du ikkje veit korleis du kan vrikke på hoftene som ei krokodille, klappe i hendene som ein sel eller løfte skuldrene som ein bøffel, kan du lære deg det no. Passar best for barn frå to til fire år.

ILL.:Eric Carle