Liv på lørdag
Om å lage fest
Kva er det viktigaste ein må gjere når det er tid for fest? Vaske huset, seier Mads. Nei, finne på leikar, seier Wilhelm. Er det viktig med pene klede, nygreidd hår eller å ikkje ha for små finskor? Og kva med maten, det må da vere det ein bør tenkje på aller fyrst? No er det snart 17. mai, og Mads og Wilhelm gjer seg klare med å lese boka Nora baker. Den er det Irene Marienborg som har laga. Passar best for barn mellom to og fire år i feststemning.
ILL.: Irene Marienborg