Nokre menneske går berre rundt og seier «gjer ditt, gjer datt, og det der er ikkje lov i det heile tatt». Foreldre er dei aller verste, og dei gir seg aldri. Mads
hatar å bli sjefa over. Men Liv likar å sjefe. Kva skjer når Liv seier at Mads må danse, sjølv om han ikkje vil? Dei to les også boka om En ganske irriterende elefant. Den er skriven av David Walliams, medan Tony Ross har teikna teikningane. Boka handlar om den sjefete elefanten som bankar bestemt på døra til Sam medan mor hans er på butikken, og flyttar inn utan at nokon har sagt at det er greitt. Passar best for dei mellom to og fire år.