Liv på lørdag

bookmark

Om gode og dårlege vener

lørdag 29. november 2014, kl. 12:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Når blir ein god ven til ein dårleg? Er det når han nektar å gje deg meir sjokolade? Når han ikkje fortel ting som er hemmelege, eller når han stikk når du treng han mest? Liv og Mads lagar lister over kva gode vener gjer, og korleis ein går fram om ein heller vil vere ein av dei dårlege. Liv og Mads les også Jakob og Neikob og det tomme rommet. Det er Kari Stais tredje bok om Jakob som alltid svarar ja og Neikob nei. I denne boka skaffar dei seg ein sambuar, og for første gong blir dei to bestevenene verstevener. Passer best for dei mellom to og fire år.