Liv på lørdag

bookmark

Om vinter

lørdag 28. februar 2015, kl. 12:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Nokre ting kan ein berre gjere når det er vinter. Ha vinterferie til dømes. Ha på seg vinterjakke. Høyre på vintermusikk. Men kva er eigentleg vintermusikk? Og kva er det ein ikkje i det heile kan like med denne årstida? Det freistar Liv og Sofia å finne ut. Dei les også den fine forteljinga Redd, som er skriven av Kaia, Bendik og Trond Brænne og illustrert av Per Dybvig. Den handlar om den vesle kaninen som sit i buret og blir engsteleg av vintervinden som ular, tassing og skraping. Det hjelper ikkje med gulrot. Man kanskje hjelper det å snakke med hesten? Passar best for dei mellom to og fire.