Liv på lørdag
Om snø og ski
Kan ein lage ski av papp? Plast? Og kan ein ha rulleski på ei scene på eit litteraturhus? Det er Ski-VM, og Liv og Sofia testar ski og føre. Dei les også Bjørn F. Rørvik og Ragnar Aalbus nye bok om grønsaksdetektiven Purriot, Purriot og skimysteriet. Han er på VM då det verste av det verste skjer. Alle skia blir med eitt borte, og Purriot må fram med lupa. Kan det norske gullet til Gunnar Granbarbråten bergast? Passar best for dei mellom fem og åtte år.