Liv på lørdag om tøffe barn

bookmark

Med Heidi Marie og Kåre Magnus

lørdag 20. mars 2010, kl. 13:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Det er bra å vere eit tøft barn. Men ein som ikkje er så tøff, det er Ivan Olsen, som alle kallar Gummi-Tarzan. Han får masse juling, og nokre gonger får han buksevatn òg. Men så møter han heldigvis ei heks… Heidi Marie og Kåre Magnus frå Barne-TV synest det er fint både med tøffe barn og Gummi-Tarzan. Ein gong har Heidi Marie til og med spela Gummi-Tarzan då ho var lita jente i Hardanger. Kanskje syng ho nokre songar frå den gongen, og så kan dei spele gitar.

Passar best for dei mellom fem og åtte år.