Løland-kveld

bookmark

Opning av temautstilling

fredag 21. august 2009, kl. 19:00

Sal: Skram (2. et)

Arrangør: Ivar Aasen-tunet, Ryfylkemuseet, Asker museum og Rasmus Løland-stiftinga

Inngang: Billett

Rasmus Løland var ein av dei første som skreiv forteljingar for born med barnet sin eigen synsvinkel som utgangspunkt. I hans bøker var borna heile, ansvarlege menneske. Fredag 21. august opnar ei ny temautstilling om Løland og den nynorske barnelitteraturen med ein Løland-kveld på Litteraturhuset i Oslo.

Arrangørane Ivar Aasen-tunet, Ryfylkemuseet, Asker Museum og Rasmus Løland-stiftinga presenterer mellom anna eit føredrag av Løland-kjennaren Ernst Berge Drange. I tillegg får publikum oppleve forteljarframsyninga Den siste sommaren med Anne Elisebeth Skogen. Her er det også Rasmus Løland som er i sentrum.

Vandreutstillinga har fått tittelen Undrande og skapande – Rasmus Løland (1861-1907) og den nynorske barnelitteraturen, og tek med andre ord også for seg nynorsk barnelitteratur etter Løland, og litteraturvitar Petra Jonsdatter Helgesen held difor eit føredrag om dei historiske linjene utetter 1900-talet og fram til i dag. Til å lose publikum gjennom kvelden, er vi så heldige å ha med oss direktør for Norsk barnebokinstitutt, Kristin Ørjasæter.

Sjølve vandreutstillinga er sett saman av tre andre utstillingar som er produserte av høvesvis Ivar Aasen-tunet, Ryfylkemuseet og Asker Museum, og ho blir sjølvsagt å sjå under Løland-kvelden. Etter opninga, skal vandreutstillinga innom ulike skular, bibliotek og andre kulturinstitusjonar fram til merkeåret 2011, då det er 150 år sidan Rasmus Løland blei fødd.