Lørdagsklassikeren
Skinnvotten
Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hopsadans, Revemor Silkesvans, Ulven Aldrimett og Villsvinet Trynebrett. Alle dei får plass i skinnvotten som mannen mistar når han går gjennom skogen med hunden sin. Eventyret om skinnvotten kjem frå Ukraina, men blei omsett av Alf Prøysen til norsk for så lenge sidan at me heilt har gløymt at det ikkje eigentleg er norsk. Og no er det klart for endå ein laurdagsklassikar. Sara Birgitte Øfsti les og fortel klokka tolv og klokka eitt. Passar best for barn frå tre år.