Lørdagsklassikeren

bookmark

I Morgentåkedalen

lørdag 10. september 2016, kl. 13:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Kan noko i heile verda vere viktigare enn sopp? Nja, tvilsamt, seier Morkel mosetust og venene hans. Dei bur i ei trygg grotte i Morgentåkedalen og vil eigenleg ikkje ha noko eventyr. Men så drøymer Morkel om den største av alle soppar, som kan gje dei uante mengder rikdom og gjere dei kjende. Venene vil kjapt heim, men Morkel vil vidare, inn i tåke og myr, til lyngluskarar, sommarfuglalvedronninga og kloke kong Trerot. Og for ikkje å gløyme den grufulle Grumleren.

Boka vart gjeven ut første gong i 1981, og det er Jan Deberitz som har skrive henne, medan Ronald Jakobsen har illustrert. Velkomen til ei musikalsk eventyrstund med Karina Opdal (tekst og vokal) og Kjetil Møster (saksofon). Passar best for dei over fire år.