Meir nynorsk i barne-TV – meir språksterke born?

bookmark

torsdag 8. november 2012, kl. 19:00

Sal: Kverneland

Arrangør: Kringkastingsringen

Inngang: Gratis

Kringkastingsringen inviterer til ope møte om nynorsk i NRK Super med kanalsjef Nils Stokke og språkprofessor Unn Røyneland.

NRK Super har hatt ein formidabel vekst i nynorskprosenten frå 9,2 til 18 prosent. Korleis har dei fått til det? Kva problem har dei hatt på vegen til 18 prosent? Og kor viktig er det eigentleg for born å høyra nynorsk på barneTV? Kva effekt har det? Desse spørsmåla vil me truleg få svar på denne kvelden.

Unn Røyneland er tilsett ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier (ILN) ved Universitetet i Oslo, og har mellom anna forska på ungdomsspråk, språklege haldningar og språkplanlegging.

Kringkastingsringen er ein sjølvstendig og medlemsdriven organisasjon som arbeider for at nynorsk, norske dialektar og samisk skal få ein rettkomen plass i allmennkringkastinga og i media elles.