Mellom triumf og tragedie

bookmark

Geirr Tveitt - ein biografi

onsdag 24. september 2008, kl. 19:00

Sal: Kverneland (2. et)

Arrangør: Det Norske Samlaget

Inngang: Gratis

Biografen Reidar Storaas gir eit portrett av den fargerike og kontroversielle komponisten, pianisten og folketonesamlaren. Mange mytar er knytte til denne intenst skapande kunstnaren, som ofte var sine eigen verste fiende. Tveitt laga store og særmerkte orkesterverk, men sette også tonar til songar som har blitt folkeeige. 

Innlegg av biograf Reidar Storaas. Lars Klevstrand framfører somme av Tveitts kjende viser, medan August Albertsen og Stig Olav Skeie set musikken hans inn i eit musikkvitskapleg perspektiv. 

Boka vil vere til sals på arrangementet.