Mordet på Halland

bookmark

Pia Juul i samtale med Brit Bildøen og Fredrik Wandrup

torsdag 14. oktober 2010, kl. 19:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Det Norske Samlaget

Inngang: Gratis

Pia Juul i samtale med Brit Bildøen og Fredrik Wandrup

Pia Juul (f. 1962) har skrive både dikt, dramatikk, noveller og romanar, og har dessutan omsett ei rekkje amerikanske, engelske og svenske romanar til dansk. Sidan 2005 har ho vore medlem av Det Danske Akademi. I 2009 mottok ho Danmarks største litterære pris, Danske Banks Litteraturpris, for Mordet på Halland. Både Tomas Espedal og Terje Dragseth nemner ho blant sine favorittar.

Ein tidleg morgon blir Bess vekt av eit skot. Mannen hennar, Halland, ligg død på torget utanfor. Ingen veit kvifor han er blitt drepen eller kven som har gjort det. Mens etterforskinga går sin gang, blir Bess sin einsame sorgprosess stadig forstyrra. Ubehagelege overraskingar ventar når ho skal gå gjennom sakene etter mannen. Det dukkar opp personar som har halde seg vekke lenge, og ukjende kvinner som på si side meiner dei kjende Halland svært godt. Situasjonen er forvirrande, stemninga mørk. Men dei uventa og absurde situasjonane som oppstår i kjølvatnet av Hallands død, gjer dette til ei merkeleg og morosam bok.

Boka er omsett av Brit Bildøen.