Munnleg skriftfest

bookmark

For og med Einar Økland

lørdag 16. januar 2010, kl. 18:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Samlaget

Inngang: Billett

Til feiringa av Einar Øklands 70-årsdag arrangerer Samlaget eit litterært festprogram for og med den mangfaldige jubilanten. Etablerte og ferskare kunstnarkollegaer står på programmet: Marit Eikemo, Paal-Helge Haugen, Egil Kapstad/Jan Erik Vold, Rønnaug Kleiva, Vigdis Hjorth, Ragnar Hovland, Kjartan Fløgstad og Jorunn Veiteberg. Einar Økland vil lese gamle og nye tekster, og i tillegg vil Økland og Dag Solstad framføre redigerte replikkar frå eit skodespel dei to skreiv saman i 1968, Georg: Sit du godt? Kvelden blir styrd av forfattar Agnes Ravatn og sjefredaktør Sverre Tusvik.