Når språket sviktar
Olaug Nilssen, Jan Grue og Andreas Wiese
Oppdatert onsdag 11. juli 2018, kl. 13:44
13:44Olaug Nilssens roman Tung tids tale ble tildelt Brageprisen for 2017. Boka handler om det å få et barn som gradvis endrer atferd og mister språket, og gradvis få et ord for det: Autisme. Forfatter og professor Jan Grue forsker på framstillinger av vanlige og uvanlige kropper i offentligheten, og har blant annet gitt ut boka Kroppsspråk – Fremstillinger av funksjonshemning i kultur og samfunn. I denne samtalen snakker Olaug Nilssen og Jan Grue med Andreas Wiese, som er daglig leder på Litteraturhuset, og selv har en døvblind datter. Samtalen fant sted på Litteraturhuset 27. 09. 2017.
Det heiter ADHD. Det heiter «annen disintegrativ forstyrrelse i barndommen». Det heiter autisme. Det heiter subklinisk epileptisk aktivitet. Legane seier det er sant, sjølv om eg prøver å nekte.
Du heiter Daniel.
– Tung tids tale, Olaug Nilssen
Å vere annleis. Kven har definisjonsmakta? Kva tyder orda som blir brukte?
Olaug Nilssen skriv i boka Tung tids tale om det å få eit barn som gradvis endrar åtferd, mistar språket. Det er ei bok om å møte systemet, om fortviling og skam. Om å møte veggen, og om å oppleve at nokre gonger er hjelpeapparatet den veggen. Om raseriet: Kvifor han? Og kvifor oss?
Dei utfordringane barnet sjølv, foreldre eller sysken får, er éi sak. Møtet med hjelpesystemet ei anna. Eller snarare systema. For dei er fleire og har eigne språklege utfordringar. Språket sviktar.
Det blir eit spørsmål om makt: Kva for oppførsel vil gi barnet det det treng?
Jan Grue er professor ved Institutt for spesialpedagogikk. Han forskar på framstillinga av vanlege og uvanlege kroppar i offentlegheita, og har blant anna gitt ut boka Kroppsspråk – Fremstillinger av funksjonshemning i kultur og samfunn. Han er òg skjønnlitterær forfattar. I fjor kom romanen Det blir ikke bedre. I vår blei han sjølv nekta plass på toget til Lillehammer, trass i gyldig billett. Slikt held ikkje når ein nyttar rullestol. «Foreldrene mine fikk meg til å innse at problemet lå i strukturene, ikke i meg,» har Grue sagt i eit intervju i Aftenposten.
Andreas Wiese er dagleg leiar på Litteraturhuset, har sjølv ei dauvblindfødd dotter og leier samtalen.