Nico på nachspiel

bookmark

Foredrag ved Ragnar Hovland

fredag 18. oktober 2013, kl. 21:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Ho hadde mørk stemme, tysk aksent, eit ukjent mørker og eit andlet og ei utstråling som gav henne forsida på Vogue. Christa Päffgen, Nico blant vener, byrja yrkeskarrieren som fjortenåring i ein undertøysbutikk på berlinske KaDeWe, og om det ikkje alltid gjekk like greitt heime, er kunstnar-CV-en slåande: skodespelar i mellom anna Andy Warhols legendariske film Chelsea Girls, songar på Velvet Undergrounds debutalbum med låtar som «Venus in Furs» og «Heroin» og etter kvart også ein kompromisslaus og nyskapande solokarriere.

Forfattaren Ragnar Hovland er meir enn normalt oppteken av denne tyske songaren, singsongwriteren, modellen og skodespelaren og har følgt med lenge. No fortel han i lidenskapleg nachspielstil om henne som stal hjartet hans på tidleg 70-tal.

 

Ny serie: Nachspielforedrag
Bli med når Litteraturhuset én fredag i måneden klokka 21.00 gjenskaper den entusiastiske nachspielstemningen og lar en forfatter uavbrutt og i fortrolighet fortelle om en musiker eller artist som han eller hun har et spesielt lidenskapelig forhold til. Dette kvartalet forteller Torgrim Eggen om David Bowie og Ragnar Hovland om Nico. Senere blir det også foredrag om The Clash ved Frode Grytten, og Harald Rosenløw-Eeg forteller om Depeche Mode.