Nordic schools during COVID-19: lessons learned

Nordic schools during COVID-19: lessons learned

bookmark

Perspektiver fra nordiske forskere, politikere og skoleleder

torsdag 17. februar 2022, kl. 15:00 til kl. 17:00

Sal: Digitalt

Arrangør: Forskingssenteret QUINT (Quality in Nordic Teaching) og Universitetet i Oslo

Inngang: Digitalt arrangement

Strømmelenke

Pandemien har hatt djuptgripande konsekvensar for skular, lærarar og studentar over heile verda.

Korleis har dei nordiske landa handert denne utfordringa?

Torsdag 17. februar møtest politikarar, forskarar, skuleleiarar og leiarane av utdanningsforbundet frå heile den nordiske regionen for å dele sine perspektiv. Dei må svare på:

  • Kva tiltak innførte dei ulike landa under pandemien?
  • Kva kunne dei gjort annleis?
  • Kva har kvart land lært, og kva kan dei lære frå kvarandre?

 

Vi får høyre frå seks forskarar som har studert krisetiltaka innført i  ungdomsskole i dei nordiske landa om kva effekt tiltaka hadde på elevane, lærarane, foreldra og skuleleiarane.

Seminaret byr også på ein paneldebatt mellom politikarar, skuleleiarar og leiarane av utdanningsforbundet i heile Norden om dei nasjonale tiltaka kvart land innførte for å halde skulekvardagen gåande då samfunnet stengde.

 

Paneldeltakarar:

Guri Melby – stortingsrepresentant, kunnskaps- og integreringsminister i Norge 2020-2021.

Pernille Rosenkrantz-Theil – barne- og undervisningsminister i Danmark sidan 2019 /innspelt videopresentasjon

Gunilla Svantorp – stortingsrepresentant, leiar for utdanningskomiteen i Sverige.

Steffen Handal – leiar i det norske Utdanningsforbundet sidan 2016.

Ragnar Þór Pétursson – leiar i det islandske utdanningsforbundet sidan 2017.

Elin Brandsæter – rektor ved Fagerborg ungdomsskole i Oslo sidan 2014.

Kirsti Klette, professor ved Det utdanningsvitskaplege fakultet og QUINT-leiar, styrer samtalen.

Arrangørar er: Forskingssenteret QUINT (Quality in Nordic Teaching), Det utdanningsvitskaplege fakultet, Universitetet i Oslo og NordForsk (Nordisk ministerråd)

 

Arrangementet foregår på engelsk