Norsk målstemna 2019Foto: Føroya Fornminnisavn

Norsk målstemna 2019

bookmark

V.U. Hammershaimb 200 år

søndag 29. september 2019, kl. 13:00 til kl. 17:00

Sal: Kverneland

Arrangør: Måldyrkingslaget, Målnemndi i Bondeungdomslaget, Norsk-færøysk lag og Høgnorskringen

Inngang: Gratis

I lag med Norskt Måldyrkingslag og målnemndi åt BUL – Bondeungdomslaget i Oslo byd Høgnorskringen inn til målstemna um færøysk og norsk målreising. Me hyller V.U. Hammershaimb og den færøyske målreisingi. I år er det 200 år sidan Hammershaimb vart fødd i Kaupmannahamn.

Hammershaimb er mannen attum lina som vart førande for målreisingi der. Me ser på den færøyske målreisingi med augo frå Noreg og ser likskapar og ulikskapar. Attåt skal me høyra um eitt av dei store verki i norsk namnegransking, Norsk namneverk av Gustav Indrebø.

 

Program for dagen:
Kl. 13.00 Velkomen.
Kl. 13.05 Ole Jakob Totland – Linor millom færøysk og norsk målreising
Kl. 13.35 Endre Otto Brunstad – Um færøysk målreising(tittel kjem seinare)
Kl. 14.20 Pause – enkel matservering (rundstykke, kaffi, te og vatn)
Kl. 14.50 Jógvan Helge Gardar – Tjóðarmálið: ein nasjon i emning
Kl. 15.35 Botolv Helleland – Gustav Indrebø og Norsk namneverk
Kl. 16.20 Avrunding.