Norsk mediestøtte

Norsk mediestøtte

bookmark

Korleis sikre mediemangfaldet?

onsdag 8. desember 2021, kl. 10:00

Sal: Digitalt

Arrangør: Medietilsynet

Inngang: Gratis

Følg direktesendingen her

Er mediestøtta tilpassa den rivande utviklinga i mediebransjen? Finst det udekte støttebehov i mediebransjen i dag? Bør media få meir i støtte?

Medietilsynet legg fram rapporten «Dei direkte mediestøtteordningane», som er utarbeidd på oppdrag frå Kulturdepartementet. Medietilsynets direktør, Mari Velsand, presenterer hovudfunna og legg fram konkrete tilrådingar til korleis mediestøtta bør fordelast i åra framover.

Stortinget skal fastsette nye fireeårige styringssignal for den direkte mediestøtta for perioden 2023–2026. Som eit bidrag til grunnlaget for vurderingane av dei økonomiske rammene for mediestøtta, og eventuelle behov for endringar av tilskottsordningane, har Medietilsynet fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å utarbeide ein rapport om dei direkte mediestøtteordningane.

I rapporten skilder Medietilsynet sentrale utviklingstrekk på mediefeltet, og korleis desse påverkar støttebehovet. På bakgrunn av dette har tilsynet gjennomgått og evaluert dei direkte mediestøtteordningane og vurderte behov for endringar og eventuelle nye tilskotsordningar. Medietilsynet legg fram konkrete tilrådingar til korleis mediestøtta bør fordelast i åra framover.