Poesi som forskingsmetode
Med Angela Rawlings, Adam Dickinson og Cathrine Strøm
Det har vore snakka mykje om vitskapen sin plass i poesien. Men korleis har poesien med sin vilje til eksperiment og si frie tenking bidratt positivt inn i andre vitskapar si forsking? Angela Rawlings og Adam Dickinson er begge poetar og forskarar, og arbeider i krysninga mellom naturvitskap og poesi. Kva kan naturvitarar lære av poetar? Samtalen blir leidd av Cathrine Strøm.
ANGELA RAWLINGS (CA/IS) er poet, musikar og doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Glasgow.
ADAM DICKINSON (CA) er poet og professor i poesi ved Brock-universitetet i Ontario.
CATHRINE STRØM er litteraturkritikar og leiar for Litteraturhus Lillehammer.