Det var ein gong eit oljeselskap

bookmark

lørdag 12. oktober 2019, kl. 16:00 til kl. 16:45

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk Sakprosafestival

Inngang: Gratis

Statoil/Equinor har blitt symbolet på det norske oljeeventyret. Den heile historia med alle nyansane kan vi finne i Aage Borchgrevinks kommande storbok Giganten. Borchgrevink vil samtale med Maria Berg Reinertsen om prosessen med å skrive boka og sjølvsagt om fortida til Noreg og framtida til verda: Korleis er det å vere eit oljeselskap på randen av klimakrisa?

Arrangementet er gratis og ope for alle. Men møt opp tidleg for å sikre å få plass, rommet har begrensa plassar.

Aage Borchgrevink er forfattar og seniorrådgivar i Helsingforskomiteen. Siste bok er Giganten (2019).

Maria Berg Reinertsen er forfattar og journalist. Siste bok er Reisen til Bretton Woods.