Oppdrett – økologisk katastrofe eller klimaløysing?

bookmark

lørdag 12. oktober 2019, kl. 17:00 til kl. 17:45

Sal: Kjelleren

Arrangør: Norsk Sakprosafestival

Inngang: Gratis

Kva er eigentleg konsekvensane av oppdrettsnæringa for arten laks og for fjordane og havet? Er drifta berekraftig økologisk sett, eller må naturmiljøet og helsa til laks og folk betale prisen for drifta?

Tre av dei som har engasjert seg mest i lakseoppdrett, møtest til samtale, og professor Asbjørn Vøllestad innleier med eit miniforedrag om laksen som art. Innleiarar skal diskutere skilnaden på god og dårleg drift og geografiske ulikskapar, i tillegg til å dele meiningane sine om næringa.

ASBJØRN VØLLESTAD er professor ved Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis.

AUD SKRUDLAND er havbruksveterinær.

GEIR OVE YSTMARK er administrerande direktør i Sjømat Norge.

MORTEN A. STRØKSNES er forfattar. Siste bok er Havboka.

KJERSTI SANDVIK er journalist og forfattar. Siste bok er Under overflaten.