Peder + Sissel = sant

bookmark

lørdag 12. oktober 2019, kl. 16:45 til kl. 17:30

Sal: Wergeland

Arrangør: Norsk Sakprosafestival

Inngang: Billett

Priser: Ordinær 120,-Student/medlem i NFFO 60,-

Sissel Gran og Peder Kjøs har kvar sin praksis som relasjonspsykologar og forfattarar. Kva skjer når dei blir sette på den same scenen og berre skal snakke saman? Det kan handle om noko av det vanskelegaste som vi opplever som par – som død, skilsmisse – og om frykt av alle slag: frykta for ikkje lenger å bli rekna med, for å bli gamal, for å bli irrelevant, å miste ektefellen eller kontakten med flokken.

Sissel Grans siste bok, Gammel, gjekk rett inn på bestseljarlista då ho kom i vår.

Peder Kjøs gir i 2019 ut bøkene Angst, Aldri gi opp og Brev til psykologen.

Arrangementet er ein del av Sakprosafestivalen 2019, eit heildags arrangement på Litteraturhuset i Oslo, der dei fleste foredraga, samtalane og paneldebattane er gratis.