Third Culture Kids

bookmark

Opplesning og samtale med Iselin Shumba, Kamzy Gunaratnam og Peder Kjøs

lørdag 12. oktober 2019, kl. 18:00 til kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Norsk Sakprosafestival

Inngang: Billett

Priser: Ordinær 120,-Student/medlem i NFFO 60,-

Third Culture Kids var den mest spennande bestseljaren i norsk sakprosa i 2019. Men så har antologien også nokre av dei beste tekstane som har vore skrive om det å vokse opp med minoritetsbakgrunn i Noreg i dag. Blant bidragsytarane har ein dei største rappeartistane, som Karpe – vokalist Chirag Patel, og andre kultur- og samfunnspaktørar som skodespelar Iselin Shumba og varaordførar Kamzy Gunaratnam. Det er dei to sistnemnte som i dette arrangementet les frå boka, og samtalar med psykolog og forfattar Peder Kjøs – om identitet, oppvekst, og om det å klare seg – på tross av alle odds. Redaktør for Third Culture Kids, Aon Raza Naqvi, introduserer.

Arrangementet er ein del av Sakprosafestivalen 2019, eit heildags arrangement på Litteraturhuset i Oslo, der dei fleste foredraga, samtalane og paneldebattane er gratis.