Til mine barn

bookmark

lørdag 12. oktober 2019, kl. 15:30 til kl. 16:30

Sal: Nedjma

Arrangør: Norsk Sakprosafestival

Inngang: Gratis

«Til mine barn» er ein animert, sjølvbiografisk film om og av Shwan Dler Qaradaki. Filmen fortel om Qaradakis røynsle med krig i Irak, og om flukten frå krigen – til Noreg, der Qaradaki no bur med kjærasten sin og to barn. Det sentrale spørsmålet filmen stiller, er om måtar å formidle til barn. Kan ein fortelje om det vondaste, om ein gjer det på den rette måten? Soleis blir Qaradakis film både teori og praksis: filmen foreslår, med sin form, ein måte å formidle det vonde på.

Shwan Dler Qaradaki er ein prisløna norsk-kurdisk biletkunstnar.

Tove Gravdal er samfunnsjournalist for Morgenbladet.