Tinder i gamledagar

bookmark

lørdag 12. oktober 2019, kl. 13:00 til kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk Sakprosafestival

Inngang: Gratis

«Du må være glad i å pule og ikke altfor opptatt av utseendet», står det i ein av annonsane i Eirik Landes bok Tinder i gamledager. Lande har gått gjennom over tjue tusen gammaldagse kontaktannonsar frå aviser og vekeblad og vil vise eit utval på storskjerm. Nokre av dei er «litt krise», andre så spesifikke at dei rette fann kvarandre. Men kva skal til for å finne den rette? Etter lysbildeshowet samtaler forfattaren med Sissel Gran om sjekking og kjærleik.

Eirik Lande jobbar på Haukeland sjukehus og debuterte i fjor med Tinder i gamledager

Sissel Gran er psykolog og forfattar. Siste bok er Inni er vi alle unge (2019).