Språkrådets språkpris 2021 2

Språkrådets språkpris 2021

bookmark

Språkprisen 2021 går til Katrine Sele

lørdag 23. oktober 2021, kl. 13:00 til kl. 14:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Språkrådet og NFFO

Inngang: Gratis

Følg strømming direkte fra Wergelandsalen under sakprosafestivalen på YouTube

OPPDATERT 18.10:

Språkprisen 2021 går til Katrine Sele for skarpe innblikk i store politiske spørsmål og i sjølve tilværet gjennom lagnaden til menneska i bøkene Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (2017) og Einars bok (2021). Vi gratulerer!

Sele bur i Jølster i Sunnfjord og har vore aktiv som skribent og forfattar i tjue år. Gjennom desse åra har ho «utvikla ein konsistent, eigenarta portrettkunst i skrift», skriv juryen i grunngjevinga si. «Det liknar eit paradoks at ein som sjølv er så diskré til stades i bøkene ho skriv, samstundes gjev forteljingane eit så personleg avtrykk, men lesaren skjøner raskt at den stillfarande forteljemåten er sjølve kunststykket.»

Sjå juryleiar Kaja Schjerven Mollerin i samtale med prisvinnar Katrine Sele under prisutdelinga på Sakprosafestivalen.

Les meir om vinnaren og grunngjevinga for tildelinga.

 

 

 

Språkrådet deler kvar haust ut språkprisen på 100 000 kroner for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut for bokmål og nynorsk annakvart år. Prisen kan gå til eit einskildverk eller til ein samla produksjon, men avgrensa til dei fem siste åra.

Les meir om kandidatane.

Juryen er leia av litteraturkritikar og litteraturforskar ved Nasjonalbiblioteket Kaja Schjerven Mollerin. Med seg på laget har ho kulturhistorikar, folkemusikar, skribent, redaktør og dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet Knut Aastad Bråten, litteraturkritikar og redaktør i Prosa Merete Røsvik og litteraturkritikar og journalist i NRK Knut Hoem.

I fjor vann Torgrim Eggen, og året før fekk Kristin Fridtun prisen.