Prosalong:
Skeiv kanon
I samarbeid med Norsk sakprosafestival inviterer Prosa til paneldebatt og lansering av Prosa 5/22 med tema «Kampsak».
Sakprosabøker kan vere viktige ressursar for aktivisme, der finn ein fakta, argumentasjon og historier til inspirasjon. I høve Skeivt kulturår 2022 vil Prosa setje søkelys på kva rolle sakprosa har hatt i kampen for LHBT-rettar i Noreg.
Vi spør: Kva bøker har vore dei viktigaste? Kor mykje og på kva måte har bøkene påverka aktivismen? Kor mykje betyr representasjon? Må ein sjølv leve som skeiv for å kunne skrive truverdig om skeive liv?
Jan Olav Gatland er forfattar, tidlegare førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen, kritikar og tidsskriftredaktør. Har ein artikkel i Prosa 5/22 om kva som er skeiv kanon for han. Siste bok: ‘Lars Berg. Rikspornograf og kulturforkjempar’ (2020)
Inge Ås er veteran i kvinnerørsla, coach, kunstnar og forfattar. Siste bok: ‘Vi spiste, sov og drakk feminisme’ (2020).
Caroline Ugelstad Elnæs (f. 1995) debuterte med romanen ‘Yoona’ i 2019. Ho jobbar til dagleg som journalist i det skeive magasinet Blikk. I haust kom sakprosaboka ‘Skeive ikoner’, som ho har skrive saman med forfattar Bjørn Hatterud og fotograf Fin Serck-Hanssen.
Ordstyrar: Siri Lindstad er frilansjournalist, arrangementsansvarleg ved Gjøvik bibliotek og litteraturhus og ein av leiarane for Versus – Skeive litterære dager. Forfattar av boka: ‘Å fylle L-ordet med mening’ (2010)