Norsk språk på veg ut?

bookmark

Paneldiskusjon

torsdag 28. august 2014, kl. 19:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Oslo mållag

Inngang: Gratis

Den 11. juni i år avgjorde Universitetet i Oslo at dei ikkje lenger vil ta ansvaret for dei store ord- og namnesamlingane som har vore knytte til institusjonen sidan 1970-talet. Dette har skapt sterke reaksjonar og mykje diskusjon.

Språksamlingane er sette saman av ordboksverka for gamalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet. Kva må til for å sikra framtida til desse samlingane? Og kva blir konsekvensane dersom dei ikkje blir drifta vidare? Oslo mållag og fylkesmållaget Vikværingen inviterer til paneldebatt.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Møt opp litt før for god plass.

I panelet sit:
 – Åse Wetås (Norsk Ordbok 2014)
Daniel Ims (Språkrådet)
Kristian-Emil Kristoffersen (UiO)
Trine Skei Grande (V)

Ordstyrar for kvelden er Jens Kihl.

Vel møtt!