Ny debatt

bookmark

Kva skjer med EØS?

torsdag 18. april 2013, kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

El og IT mot Industri Energi. KrF mot Sp. AUF mot SV. Diskusjonen om EØSavtalen skaper harde frontar og mykje friksjon. Men korleis påverkar eigentleg avtalen norsk arbeidsliv og det norske folkestyret, og kor mykje er det realistisk å få han endra? Dessutan er det i byrjinga av mai klart for LO-kongress, som blir halden kvart fjerde år. Korleis vil LO handsame EØS i åra som kjem, og kva vil EØS ha å seie for debatten fram mot stortingsvalet? Det er klart for debatt.

I panelet:
Mads Opheim (leiar i Ungdom mot EU)
Agnes Arnadottir (leiar i Europeisk ungdom)
Fredrik Slettbakk (ungdomssekretær i Handel og kontor)
Ola Harald Svenning (leiar i Fagforbundet Ungdom)
Ordstyrer: Ebba Boye (utreiar i Manifest analyse)
«Ny debatt» er ein debattserie av og for ungdom som blir arrangert av Litteraturhuset, denne gongen i samarbeid med barne- og ungdomsorganisasjonane i Oslo (UngOrg) og Ungdom mot EU.

Les om debatten på Facebook her

FOTO: Adolfo Indignado Cuartero