Ny debatt
Lærarstudentar og nynorsk
Kva må gjerast for å betre nynorskkompetansen hjå framtidige lærarar? Utdanningsinstitusjonane forventar at studentar på lærar- og lektorutdanningane meistrar både nynorsk og bokmål når dei byrjar på studiet, men det er ikkje alltid tilfellet. Så korleis kan ein løyse den vonde sirkelen i sidemålsundervisinga?
«Ny debatt» er en debattserie av og for ungdom som vert arrangert av Litteraturhuset og Barne- og ungdomsorganisasjonene i Oslo (UngOrg), denne gongen i samarbeid med Norsk Målungdom.
I panelet:
Inger Vederhus (førstelektor ved HiOA)
Stein Olav Romslo (fag- og forskingspolitisk ansvarleg ved studenttinget ved NTNU og studerer lektorprogrammet med matematikk på NTNU)
Torgeir Dimmen (direktør for Nynorsksenteret)
Kristin Vinje (Høgre)
Silje Marie Bentzen (leder i Pedagogstudentene)
Ordstyrar er Jens Kihl, politisk journalist i Klassekampen